The Gathering Technical blog

Event:CnA:Game gjesteinnlegg

15 Mar 2018, by from Event:CnA:Game

God dag!

Fekk tilbod om å skrive om Game og kva teknisk utstyr og programvare me brukar, takkar sjølvsagt ja!
Server Hardware:
I år har vår kjekke snille sponsor Nextron ordna fysiske serverar til Game, kontra tidlegare har me hatt virtuelle maskinar til å køyre programvare. Det blir totalt 5 serverar der 2 er til CS og 3 er til Minecraft, der ein av dei er ein reserve i tilfelle dei to andre skulle slite med noko. Me kjørar SSD’ane i software RAID1 for pålitelegheit, og har tilgang til serverane via IPMI. Spesifikasjonane er som følgjande:

Game – CS:GO #1
20 core Intel Xeon E5-2640v4 2.40GHz
64 GB
2×1 TB SSD
2×10 GbE SFP+
Game – CS:GO #2
20 core Intel Xeon E5-2640v4 2.40GHz
64 GB
2×1 TB SSD
2×10 GbE SFP+
Game – Minecraft #1
Intel Core i7-7820X 3.60GHz, turbo 4.3GHz/4.5GHz
64 GB
2×1 TB SSD
2×10 GbE SFP+
Game – Minecraft #2
Intel Core i7-7820X 3.60GHz, turbo 4.3GHz/4.5GHz
64 GB
2×1 TB SSD
2×10 GbE SFP+
Game – Minecraft ekstra
Intel Core i7-7820X 3.60GHz, turbo 4.3GHz/4.5GHz
64 GB
2×1 TB SSD
2×10 GbE SFP+

I tillegg har me to mindre VM’ar på 4GB RAM, 50GB HDD og 2vCPU kjerne som skal køyre kontrollpanelet til serverane, det snakkar me om vidare
*
Server software:
*

I år skal båe Minecraft og CS køyrast med pterodactyl, noko som er nytt for CS på TG. Med to like system vil eventuell feilsøking av pterodactyl truleg gå betre, då me har fleire i crew med kompetanse for pterodactyl. Om det ikkje går som planlagt, har me og ein fallback løysing CS systemet som kjørte forrige TG. For dei som er ukjent med det, er pterodactyl ikkje eit legemiddel (som eg først trudde) eller ein dinosaur (som Kristian trudde), men eit management panel til spel-serverar. Programvaren har open kjeldekode og tilbyr ein haug med funksjonar frå kontrollering av fleire nodar, API kontroll, rask distribuering av serverar og mykje meir. Det er docker basert, så ein kan skrive eigen docker bilete ein kan distribuere, som me gjer. Meir info hos https://pterodactyl.io/
CS og Minecraft køyrar uavhengig frå kvarandre med eiget panel på kvar sin virtuelle maskin. Det er fullt mogleg å køyre båe Minecraft og CS serverar via eit panel, dog. Det panelet er då kopla til dei fysiske serverane våre som node, der me installera OS, docker, daemon, og lastar opp konfigurasjonsfila for å kople oss på. På nodane kan me då få opp docker bileta som køyrar sjølve spel-serverane. Oppsettet kan likne noko sånt:

Me brukar da 32 serverar til CS fordelt på to nodar, og har ressursar til meir om det skulle meldast på fleire lag. Samstundes kan me køyre opp til 128(!) Minecraft serverar.
CS maskinane kjem til å kjøre GO:TV Relay sånn deltakarar kan sjå stream direkte frå ein spelar om vedkommande ynskar, framfor gjennom Twitch o.l.

Eit anna system me brukar er Unicorn (Unified Net-based Interface for Competition Organization, Rules and News, phew). Unicorn er konkurransesystemet til TG laga for å drifte konkurransane på The Gathering frå ein deltakar ynskjer å delta, fram til han står på scena med premien sin. Det blei først brukt i 2015 og er stadig oppdatert med nye funksjonar og optimalisering.
Backend til Unicorn er skrevet i PHP med ein MySQL database server. Frontend er enn so lenge tett kopla saman med backenden, og brukar ein MVC modell med Smarty templating. Planen på sikt er å skilje front og backend og heller gå over til ein React (eller liknandes) basert frontend. Til fillagring nyttar me oss av tus.io for opplasting av store filar. Dette gir oss moglegheita til å gjer kontinuerlege opplastingar om ein opplasting skulle feile. Deretter flyttast filar over i AWS S3 som blir brukt som eit CDN gjennom AWS CloudFront.
Creative sine konkurransar handterast direkte gjøna UNICORN, der administratorar kan administrere alle aspekt av sine konkurransar. Dette inneberar alt i frå oppretting av konkurranse, mottak av bidrag med kvalifisering & diskvalifisering, resultatavlesning osv. For game har me i tillegg implementert støtte for Toornament som handtera brackets.

Bruk av API:
Til Minecraft brukar me Unicorn. Med Minecraft sendar me queries mot Unicorn sitt API som hentar ut påmeldte lag. Om den finn eit lag, sendar den requests mot pterodactyl og opprettar server. Etter den er oppe og går, sendar systemet kommandoar for oppsett av serveren. CS brukar eBot til administrering, start/stopp av match samt som dei samlar demo og loggar som i atterkant kan bli brukt til å lage fine grafar og statistikk

Eg håpar denne gjeste-artikkelen har vår til hjelp for folk som undrar på det tekniske bak game, og for folk som ynskjer å søke hos oss i CnA (Competitions and Activities)!

Spesiell takk til Jo Emil Holen for å dele mykje informasjon angåande Unicorn!
Og stor takk til alle i Game som var med på å fortelje om deira sine tekniske oppgåver og system me brukar!

About

TG - Technical Blog is the unofficial rambling place for The Gathering.

Collaborators

nlogic logo juniper logo nextron logo fortinet logo telenor logo nexthop logo